|
|
|
|
22.12.2011 Legionella pneumophila i kommunale anlegg. Hvorvidt trengs mottiltak? Prosjektet, utført for Stavanger kommune, har vurdert nødvendigheten og effekten av tiltak rettet mot Legionella pneumophila i kommunale dusjanlegg
21.12.2011 Læring av hendelser i Statoil. En studie av bakenforliggende årsaker til hendelser på Gullfaks C og av Statoils læringsevne
14.12.2011 Matvaresikkerhet og handelspolitikk: Den nye internasjonale agenda og rammebetingelser for norske primærnæringer
|
|
IRIS har fått nye Petromaks-prosjekt
I siste runde av tildelingar frå Petromaks-programmet til Noregs Forskingsråd fekk IRIS tre nye prosjekt.
Av desse er to prosjekt teknologisk retta med base i IRIS Petroleum, medan eitt av prosjekta er eit samarbeidsprosjekt mellom petroleumsavdelinga og IRIS Samfunns- og Næringsutvikling. Prosjekta har oppstart i 2009 og skal gå i hhv 3 og 4 år. Dei vert gjennomført i samarbeid med næringslivet og Universitetet i Stavanger.
"Information Security in Integrated Operations for Oil and Gas" skal søke å betre informasjonstryggleiken i fjernstyrte offshore-operasjonar. Teknologiutviklinga går i retning av auka integrering av ulike IT-system og nettverk på land og offshore. Samspelet gjer høve til å styre det som skjer til havs frå land. Konsekvensen er at systema vert sårbare for påverknad utanfrå. Risikoen for datainnbrot vert større, og veike punkt i eit system kan få større konsekvensar enn det før ville ha fått.
På dette bakteppet vil forskarane på IRIS og UiS kartlegge trugslar og risiko mot IKT-system brukt i integrerte operasjonar. Gjennom å bruke eit virtuelt testsenter skal dei granska trugslar mot IKT-systema, og studera korleis arbeidarane handterarar trugslane. På denne måten håpar dei å kunne finne nye måtar å oppdage trugsmål på, og i forlenginga av det forbedre eksisterande prosedyrer og rutinar for IKT-tryggleik.
Dei to andre prosjekta, "A novel approach to surfactant flooding under mixed-wet conditions" og "Low salinity water flooding of North Sea reservoirs: Physical and chemical effects", tek begge utgangspunkt i auka utvinning av olje. Prosjekta går ut på å vidareutvikla metoden med å injisera vatn i sandsteinsreservoar for å få ut meir olje.
Kontaktperson: Ingebret Fjelde, Maria Kjærland-Haga
Print page
|
|
|
Kontaktperson:
Seniorforskar Ingebret Fjelde (auka utvinning)
Forskar Maria Kjærland-Haga (integrerte operasjonar)
|
|
|
|
|
|